No kan du i Energiportalen berekne kor mykje du kan spare i energibruk, kostnadar og CO2 ved å investere i solcelleanlegg. Du kan sjå årleg energi- og kostnadsinnsparing for å vurdere om dette er eit aktuelt tiltak for deg. Hugs at du kan få støtte til dette tiltaket frå Enova.
Slik finn du ut om solceller løner seg
Etter at du har søkt fram bustaden din og fått det første estimatet på kva energibruken din kostar, justerer du med eigne opplysningar. Du kan ha gjort tiltak som ikkje er registrert i dei offentlege dataane. I tillegg kan du tilpasse for bruksåtferda til husstanden.
Under «Velg ønsket tiltak» finn du no solceller i tillegg til ei rekkje andre tiltak. Du vel mellom tre ulike storleikar utfrå kvadratmeter. Produksjonen frå solcellene blir avrekna mot energibehovet på bustaden på månadsbasis. Eventuell overproduksjon frå solcellene som blir seld ut på straumnettet er ikkje medrekna i årleg overskotsproduksjon. Han blir vist under energiinnsparing, målt i kWh.
Døme på innsparing
Dømet vi har brukt er eit midtrekkehus frå 1966 på 170 kvm bruksareal på Austlandet. Her er det i dag elektrisk oppvarming og elles original bustadstandard med naturleg ventilasjon. Vi har sett innetemperatur til 22 grader, det er inga natt/dagsenking. Til saman bur det 3 personar i huset og alle dusjar 6 gangar i veka, 4 minuttar kvar.

I vårt døme får vi ei årleg innsparing på over 8500 kroner. Tiltaket bidrar òg til ein overproduksjon av energi som blir seld ut på straumnettet. Det betyr at det i enkelte periodar leverer solcellene meir energi enn det som er behovet til bustaden.
Solcelleanlegget vi har brukt i vårt døme vil kosta deg ca. 120 000 kroner ferdig installert. I tillegg kan du trekke frå ca. 20 000 kroner i Enova-støtte. Det betyr at anlegget vil vere nedbetalt på ca. 12 år. Forventa levetid på eit slikt solcelleanlegg er 25 år. Du kan maksimalt få 47 500 kroner i støtte viss du investerer i eit solcelleanlegg. Men slike summar gjeld berre dei aller største anlegga.