Støtteordningar
Enova og enkelte kommunar tilbyr støtteordningar til energitiltak og el-produksjon. Enovatilskotet er ein støtteordning for private husholdningar. Formålet med ordninga er å gi privatpersonar eit initiativ til å gjennomføre tiltak for å betre bruk av energi i eigen bustad.
Tiltaket må vere starta, gjennomført og betalt av deg som privatperson. Nokre kommunar har støtte til mindre energitiltak som å skifte vindauge eller skifte til rentbrennande omn.
Vi anbefaler å undersøke kva for støtteordningar din kommune eventuelt har. Enova har også fleire støttetilbod til næringslivet som rommer alt frå støtte til innkjøp av elvarebil til nyskapande energi- og klimaløysingar i bygg.
Energirådgivarane vil kunne forklare deg kva for støtteordningar som er relevante for dei energitiltaka du vurderer, anten frå din kommune eller Enova. Les meir om Enovas støtteordningar.
